- Spanande å få vera med på å byggja opp bedrifta
Sognenett IT sin sjuande rekruttering er no på plass.
Det nyaste tilskotet i staben heiter Martin Svendsen, kjem frå Vangsnes og er 22 år. Martin tok til i jobben som IT-konsulent no i starten av oktober og gler seg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver:
- Det kan hende eg repeterer litt etter dei andre som har byrja her, men eg valde Sognenett IT fordi eg tykte det verka veldig spennande å få vera med på å byggja opp denne bedrifta som eg tenkjer er ein frisk IT-satsing i Sogn.
ROLLEBYTE
Martin kjem fast stilling som dataelektronikar i Vestland fylkeskommune, der han også tok fagbrev som lærling tilbake i 2021.
Eg hadde lyst å prøva noko nytt og skifta litt beite, så difor passa det godt å komma til Sognenett IT med alt som skal skje her dei kommande åra, seier han.
På det nye laget møter han eit kjent fjes, Joar Refsdal, som var lærling i Fylkeskommunen før han kom til Sognenett og deretter Sognenett IT tidlegare i år.
Den gongen var det eg som var instruktør til Joar. No har rollane vorte bytt om då han er den som har hjelpt meg med å koma i gong her, flirar Martin.
EI SPANANDE TID I MØTE
Med Martin på plass i teamet er selskapet er godt i gang med å etablera seg. Dagleg leiar Tore Bø har dette å seie om den kommande tida:
- No har me samla ein bra gjeng med dyktige, motiverte og framoverlente folk. Me har trua på at våre tenester vil vera eit godt tilbod for både folk og selskap i Sogn. Me går ei spanande tid i møte.
Treng du eller ditt firma IT hjelp?