Odelsguten Joar er klar for innsats
20-åringen skal vere ein del av nysatsinga til Sognenett IT.
- Eg er glad for at eg er på plass, sjølv om det av og til kan verte litt tungt å pendle frå Vik tidleg på morgonen, seier Joar Refsdal.
Refsdal tok til i jobben som teknisk konsulent for Sognenett allereie 27. februar. Han vart tilsett for å jobbe både for Sognenett og Sognenett IT, men har sidan august gått over 100 % til Sognenett IT.
Artikkelen ble første gang publisert 28. mars.
Fullførte nyleg fagprøven
Joar er dataelektronikar og har hatt læretida si i Vestland Fylkeskommune der han tok fagprøve i januar. No er det altså Sognenett som gjeld for vikjen.
- Eg hadde lyst til å prøve noko nytt og spanande. Det har vore mykje å setje seg inn i, men inntrykket av arbeidsplassen er førebels svært godt, seier han.
På morgonen må han opp klokka 06.00 for å rekke bussen. Sjølv om det kan vere noko trøyttande, er Joar klar på at han er vand med å stå opp tidleg. Han er nemleg odelsgut i Vik, og er ikkje framand for å ta i eit ekstra tak heime på garden, både til morgon- og kveldstid.
- Nei det er ikkje noko problem. Me har 63 sauer, 179 kyr, oksar og så vidare. Så eg lyt nesten stille opp, men det trivst eg med, seier Joar, som ikkje utelukkar å ta over garden heime ein gang i framtida.
Nøgd med å vere på plass
Men først skal han verte ein del av Sognenett-miljøet i Sogndal, i grushola. Planen på sikt er å få kontorplass i Vik, når IT-satsinga er klar for det.
- Det hadde passa bra med tanke på pendlinga, men tida vil vise. No er eg i alle fall godt nøgd med å vere her, avsluttar han.