Effektivisering av IT-infrastrukturen hjå Skjolden Hotel
Skjolden Hotel, som nyleg har blitt ein del av "De Historiske" – ein samling av Noregs mest sjarmerande hotell og spisestader, har nyleg gjennomgått ei omfattande oppgradering av sin IT-infrastruktur i samarbeid med Sognenett IT. Hotellet stod ovanfor utfordringar med det gamle trådlause nettverket og utnyttinga av fibernettet frå Sognenett AS. For å forbetre den trådlause opplevinga for gjestene, fekk Sognenett IT i oppdrag å implementere nye brannmurar, switchar og trådlause aksesspunkt over heile hotellet.
Idylliske omgjevnader- no og med topp trådlaust nettverk
Skjolden Hotel, som ligg idyllisk til innerst i Sognefjorden, er omgitt av fantastisk natur som gjer staden attraktiv for besøkande frå fjern og nær. Med fjelltoppar som speglar seg i det klare vatnet og frodige dalar som omfamnar hotellet, er Skjolden Hotel ein draumedestinasjon for naturinteresserte. Men gjestene kunne ikkje nyte den fulle opplevinga på grunn av problem med det eksisterande trådlause nettverket.
For å løysa denne utfordringa tok hotelldirektør Siri Dalehaug avgjerda om å engasjera Sognenett IT. Som totalleverandør av internett og IT-løysingar var dette det perfekte oppdraget for oss, då me er i stand til å utforma og implementera ei skreddarsydd løysing som møter hotellet sine spesifikke behov.
- Me er veldig nøgde med at Skjolden Hotel valde ein lokal IT-leverandør til å utføra arbeidet på hotellet. Det er viktig å utvikla eit sterkt lokalt samarbeid som gir verdifulle resultat for begge partar, fortel Eldar Skjeldestad Åsebø, konstituert dagleg leiar i Sognenett IT.
Kartlegging av behov og infrastruktur
I samarbeid med Skjolden Hotel gjennomførte Sognenett IT ein omfattande kartlegging av hotellet sine behov og infrastruktur. Basert på analysen utarbeidde me ein grundig plan for implementeringa av dei nye trådlause aksesspunkta. Ved å utnytta den eksisterande fiberoptiske infrastrukturen frå Sognenett AS kunne Sognenett IT sikra ei sømlaus og rask tilkopling for gjestene, noko som bidrog til å forbetre den trådlause opplevinga betydeleg.
I tillegg til å forbetre det trådlause nettverket har Sognenett IT vore behjelpelege med anna IT-relatert arbeid på hotellet. Sognenett IT sine erfarne teknikarar har jobba tett saman med hotellet sine tilsette for å sikra ein jamn og problemfri drift av systemet.
Ynskjer du ei kartlegging av di bedrift sine behov og infrastruktur. Ta kontakt med oss så fyk me meir enn gjerne forbi!