Nytt bedriftssenter midt i hjartet av Sogndal sentrum
- Det er lov å kjenna seg litt stolt på ein dag som dette, når ein står her midt i eit flunkande nytt bedriftssenter som er lett tilgjengeleg for kunden. Me har mykje moro å sjå fram til, seier dagleg leiar av Sognenett IT Tore Bø.
Til applaus frå dei frammøtte klipte han, saman med konserndirektør for digitale tenester i Sognekraft Ole Petter Hatlevoll, nettverkskabelen (!) som markerte starten på eit nytt og spanande kapittel for Sognenett IT. Sjå biletegalleri frå opninga nedst i saka.
- Det er verkeleg ein glede å få vera med å opna dette nye bedriftssenteret. Visjonen om å vera Drivkraft i Sogn står sterkt i ryggen gjennom heile Sognekraft-konsernet og med Sognenett IT ønskjer me å bidra med å sikra kompetanse og sørga for at den digitale framtida skyt fart i regionen, seier Hatlevoll.
Ønskjer velkommen innom
Etter månader med oppussing var det nemleg tysdag endeleg klar for offisiell markering av det nye bedriftssenteret i Parkvegen 5. Frå kontoret i Sogndal vil i 4-5 tilsette vera stasjonert, retta mot å nå raskt og effektivt ut til kunden.
- Her i Parkvegen 5 ligg me sentralt og godt plassert med nærleik til kundane midt i hjarta av i Sogndal sentrum. Me ønskjer at folk i Sogndal skal merka at me er til stades, og kundar er hjarteleg velkomne innom anten om ein treng hjelp til noko, eller om ein berre ønskjer å slå av ein prat over ein kopp kaffi, slår Bø fast.
Ein av dei som allereie har funne seg godt til rette i det flotte lokalet er IT-konsulent Martin Svendsen. Han er svært nøgd med sitt nye arbeidskontor.
- Det er eit veldig fint og innbydande lokale, med praktiske løysingar med tanke på open kontorlandskap og møterom. Det er veldig stas å få vera ein del av denne satsinga, og kanskje ekstra stas akkurat i dag når me kan visa dette fram, seier ein stolt Svendsen.
God og rask service
Sidan oppstarten av selskapet tidleg i fjor har mykje skjedd for IT-selskapet som også tidlegare har opna eit nyoppussa lokale i Gaupne. Til saman driftar Sognenett IT frå tre ulike lokasjonar når ein tek med lokalet i Vik sentrum. Nyleg vart det også investert i tre heilelektriske bilar – noko som igjen gjer at ein kjem endå raskare ut til kunden.
- Sognenett IT er no til stades tett på lokalsamfunna i Sogn, og kundane skal få merke fordelane av dette. Me gler oss til å yta god og rask service i åra som kjem, avsluttar Bø.
Sjå biletegalleri frå opninga:
Treng du eller ditt firma ein samarbeidspartnar på IT- og kommunikasjonsløysingar?